Café Sogningen – ypparleg mat og godt drøs

Café Sogningen finn du midt i Sogndal sentrum i andre etasje på Amfi Sogningen, opp rulletrappa ved Clas Ohlson. Me er kjende for god mat, gode porsjonar og triveleg betjening. Det er såleis ikkje overraskande at kafeen er ein populær møteplass for både lokale og tilreisande.

Varmt og kaldt, søtt og salt.

Me serverer tradisjonell norsk mat og à la carte med varme lunsj- og middagsrettar kvar dag. I tillegg har me eit breitt utval av salatar, smørbrød, focaccia og heimelaga kake kvar dag.

Dagens, lunsj- og middagsrettar

Dagens middag er alltid klar for deg som er på jakt etter ein solid, heimelaga varmrett til ein fornuftig pris, måndag til fredag. Alle dagar er sjølvsagt like gode hjå oss, men Fleskasausen er etter kvart blitt ei vidgjeten kulturhending kvar tysdag. Likeeins er raspeballar med salta kjøt og kålrotstappe på torsdagane eit vestlandsk ritual som me ikkje tullar med.
Kvifor ikkje skaffe deg det populære klyppekortet vårt? Då får du ein middag gratis for kvar 10. “dagens” du kjøper her i kafeen.

À la carte

På à la carte-menyen vår finn du biffstrimler, løvbiff, kylling, lasagne, pølser, pommes frites og andre kafe-klassikarar så vel som gratinerte nachos og pizza. Me har naturlegvis også glutenfrie og allergivenlege alternativ.

Hellekaker, vafler og herlege heimelaga kaker

Til kaffien har me alltid ferske hellekaker, vafler og sveler – og freistande kake laga frå botn her i kaféen. Oreokake, brownies, ostekake, konfektkake? Menyen varierer, så kom innom og sjekk disken vår for dagens kunst.

Lyse og luftige lokale

Café Sogningen har god plass til gjestene i lettlege lokale med utsyn til sentrumsparken og vestover mot Sogndalsdalen. Til godvêrsdagar har me også ein romsleg, skjerma veranda der du kan få med deg straumen av forbipasserande i Gravensteinsgata eller nyte ein solgløtt medan du får deg ein velfortent matstund.
 
Velkomen og vel bekomme!


Opningstider

10-19 (18)


Kontakt

Send e-post